tirsdag 7. juni 2011

Kaninbyen av Arild Rein

Depresiv kritikk frå kolonihage
Kaninbyen er den siste boka i Stavanger triologien av forfattaren Arild Rein. Boka handlar om den tidlegare politimannen Johnny, tidlegera fordi han før leide ut moras leilighet til asiatiske prostituerte. Noko man ikkje kan gjøre medan man er politi. Nå bur han i kolonihaga si der han dyrkar forskjellige typar tomatar, jaktar på snegler, lyttar til Schubert og planleggar å tjena nokre kroner på Gladmat festivalen. Handlinga i boka går føre seg i området rundt Stavanger. Sjølv bur eg i stavanger, men eg klarar ikkje heilt kjenne meg igjen i alt Arild skriv om i boka. Eit eksempel på dette kan være Cobra Nightclub der Johnny tar seg eit par øl, ein nattklubb i Stavanger som vart nedlagd lenge før eg fantes. Det er kanskje lettare for litt eldre Stavanger folk og kjenna seg igjen og få eit litt betre bilde av kva som går føre seg enn det eg klarar.

Boka er ei realitisk roman på grunn av handlinga si, språket og miljøet handingane skjer i. Dette er ikkje ei bok man kan setta seg ned å reflektera over. Etter at eg hadde lest boka blei eg faktisk heller sittande igjen med ein slags irritasjon. Ikkje berre fordi eg følte boka ikkje hadde ei bra ending, men også kor lei eg var av den ekstreme overdrivelsen med banneord. Eg er ikkje noko spesiellt i mot banning i bøkar, så lenge det har eit formål. Eit formål som til dømes å understreka eit poeng. Men her blir berre banne orda ein slags slitsam og irriterande gjentaking i omtrent kvar einaste setning. Ein annan ting som gjer at eg ikkje likar denne boka er at det ikkje er ei spesiell spenningskurve i boka. Spennigs nivået ligg forundrande nok på ei rett linje gjennom heile boka. Noko som kanskje er litt rart med tanke på at Aril Rein er mest kjend for sine krim romanar. Og gå ifrå krim romanar til eit så kjedeleg stykkje av ei bok er litt av ein prestasjon spør du meg.

Eg anbefalar ikkje folk å lese denne boka. Den er lang, slitsam å lese, deprimerande og ikkje noko spesiellt interessant. Den deprimerte eks politimannen har ei utroleg pessimistisk måte å se ting på, noko som smittar øve på oss lesarar. Det skjer svært få handlingar i boka, nesten alt handlar om Johnnys negative tankar. Kvar liten samtale, ja det treng ikkje vera ein samtale ein gong, berre nokon seier noko i boka som får meg vekk ifrå tankjane te Johnny er eit herleg pusterom. Ikkje at karakterane har noko spesiellt interessant og komma med dei heller, men det er betre enn ingenting.



Rein, Arild 2004. Kaninbyen. Det Norske Samlaget, Oslo 2008
Flickr CC

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar